Jeswanthiny Pushparajah Mayooran
«It’s like everyone tells a story about themselves inside their own head.
Always. All the time. That story makes you what you are. We build
ourselves out of that story.”
Patrick Rothfuss.
Identitiet. Eg smakar varsamt på desse ti bokstavane, samansett til eit sentralt ord i dagens samfunn. Let det synke inn på tunga, medan eg løftar blikket mitt mot to barn som gledeleg leikar ute mellom den kalde haustvinden.
Eg kan nesten føle latteren av glede snike seg gjennom den stadig samfunnsprega sjela mi. To små, utan nokon bekymringar….utan ei aning om kva dette samfunnet kanskje kan bidra med å forme av to individ, lenger fram i tid. Både på godt og vondt. Men kva skjer med eit individ, når akkurat denne sokalla identiteten blir teken frå ein? Når den blir stole frå ein? Når du erfarer eit gradvis tåkebelagt minne, over kven du er og kva din tilhøyregheit er
i dette samfunnet…?
«Thiny, kvifor i alle dagar har du valt psykiatri, når du har brukt så lang tid på å fullføre eit profesjonsstudium i medisin?» Ord eg framleis kan høyre klinge gjennom begge ørekanalane mine. Sjølv om eg er født og oppvakse
i Noreg, har eg mine røter klistra fast i min tamilske kultur. Ein kultur og ein bakgrunn prega av tankar og fordommar, om kva mental helse eigentleg er. Ein kultur der det å vere lege blir sett på som rubinar i eit glas laga av
gull; da særskilt når den kvite frakken, eller de blåe sokalla «scrubs» blir inkludert i det vakre kunstverket, valte eg å fordjupe meg som lege i eit felt ein ikkje har eit fasit svar på, eller indikatorar til ein kvar sin tilstand, gravert på
papir. Eg valte det mellommenneskelege og det uforståelege.
Man seier at vi menneske er komplekse skapningar. Mykje som framleis er uvisst, men samtidig er det mykje vi sit med kunnskapen på den dag i dag. Om vi brekk eit bein, nøler vi ikkje med å springe til ortopeden. Om vi kjenner
på belastningar i hjartet, er vi raske med å sikre oss ein undersøking hos kardiologen. Om barnet vårt skulle kome heim med ein forkjøling frå skulen, tviler vi ikkje med å bestille ein time hos fastlegen. Vi har etablert ein
kunnskap god nok for å gjennomføre desse tiltaka. Men kvifor er det då slik, at det å oppsøke ein psykiater, blir så skambelagt?
Eg kan framleis hugse den perioden eg var så heldig som fekk hospitere på sentralsjukehuset i Chennai. Som den ivrige studenten eg var, var eg meir enn open for alle moglege innspel for påbygg av kunnskap. Ein heil dag fekk
eg følgje ein ortoped gjennom de grøne gangane…de var så grøne at eg fortsatt den dag i dag kan hugse tankane mine mimre tilbake til alle de tamilske filmane eg hadde sett. Ja, for det var noko med det å sjå de veggene…
de gangane…alle pasientane ligge usanitært med opne sår….fortvila pasientar, som korkje hadde kunnskap om betre behandling….Hmmm, eller la meg rette det siste: adekvat behandling, kome til live. «Så kva ønskjer du å
spesialisere deg i?» hugsar eg ortopeden spørje meg. Full av stoltheit og i håp om god tilbakemelding, svarte eg standhaftig «Psykiatri. Det er der hjartet mitt ligg». Kva som kom etter det svaret, kan de kanskje sjølv tenkje dykk
kva det var. Ja, for det var ei bøtte med latter og fleire spader med sarkasme.
For er det ikkje slik? Eller har dette samfunnet verkeleg blitt så mekanisk og overflatisk, som gjer at vi fungerer som nokon robotar på tomgang? Eg tenkjer berre på alle desse pasientane, innlagt på medisinsk i Chennai, for
å ta eit eksempel. Korleis kan ein forvente at den somatiske plaga skal bli «lækja», når der er null rom for det grunnleggjande og elementære for å oppretthalde god livskvalitet? Med det, valte eg korrigere meg sjølv tidlegare.
I staden for betre behandling, er det på tide å tenkje adekvat behandling. For det blir nesten som å «pynte» over med plettfri, kvit, rein snø på ein vinterkveld, i desperasjon om å skjule alt «grufset» som ligg under. Ja, og
realiteten er dessverre at denne fasaden alltid på eit eller anna tidspunkt vil smelte vekk…..
Om vi tenkjer global mental helse, er der ¾ med psykiske tilstandar, som oppheld seg i fattige land. Det som er meir sjokkerande, er at det er mindre enn 1 av 50 som får behandling for sin liding.
Statistikk viser høgare sjølvmordsratar, høgare førekomst av psykoselidingar, fleire innleggingar på psykiatriske avdelingar, eit «meir alvorleg» sjukdomsbilete, meir bruk av tvang på sjukehusa, for å nemne nokon, blant
immigrantar. Eg tenkjer det er viktige alarmar, som illustrerer djupna og viktigheita av dette faget knyta opp til den transkulturelle befolkninga. Man seier at kunnskap er makt, «knowledge is power», men kva når denne
kunnskapen ikkje når fram…eller verre, når der ikkje er rom for utvida kunnskap? For her, er psykiatrien for de som er utelukka i frå samfunnet…for de galne, «the crazy people». I mange fattige land blir nettopp desse
“At the end of the day people won’t remember what you said or did, they will remember how you made them feel”
Maya Angelou
tvangsbehandla, men ulovleg tvang. De blir putta i kjettingar, tvangsmedisinert (men utan opplysningar eller informasjon om kva behandling de får), og plassert bak celler. Om dette ikkje er mangel på kunnskap, så veit ikkje
eg….. Vi bur i eit samfunn med eit skyhøgt stigma og fordommar knyta til mental helse….Eit samfunn prega av diskriminering for, eg nemner det att: adekvat behandling.
««Most people are other people. Their thoughts are someone else’s opinions, their lives a mimicry, their passions a quotation.”
Oscar Wilde
Lat oss hoppe tilbake til mitt første avsnitt. Nemleg; identitet. Det å føle seg trygg på kven du er, er kanskje kjernen til det meste av korleis livet rundt deg formar seg. Ja, og de fleste av oss som er født og oppvakse i Noreg, er såpass heldige, som har dette. Eg kan hugse litt tilbake i tid, inne på akuttmottaket. Ein ung mann frå eit krigsherja land, flykta til eit av verdas beste land og bu i. Heilt aleine, på ein alder av 19. I møtet med meg, framstår han svært angstprega, nedstemt og
med ein mistanke om debut av psykosesymptom. Skulen hadde rapportert eit stadig funksjonsfall, vanskar med konsentrasjon og fråvær i timane. Kameratane hans hadde beskrive han som stadig meir isolert og ei framferd av
dårleg hygiene. Han sjølv hadde uttalt stemmehøyringar og synshallusinasjonar til legevakta. Utover samtalen med meg fortel han om sine foreldre som blei stole frå sine eigne liv, rett framfor hans eigne auger. Han fortel om landminer,
og ein vedvarande redsel og utryggheit på sitt eiget landområde. Han fortel om syner om nettene, der han gjenopplever hendingar frå krigsperioden. Eg har fleire gongar undra meg over kor mange fleire som går rundt
slik……kor mange som går rundt ubehandla, blant anna på grunn av mangel på kunnskap og ressursar…..blant anna i mine foreldre sitt heimland. Alt de må ha opplevd, teke del i, vore vitne til. Den fortvilinga og belastninga
de må ha gått gjennom, som etterlet seg djupe spor i sinnet…..Ja, og det at akkurat det same samfunnet er lukka til behandling av mental helse, tenkjer eg er svært urovekkjande.
Medan eg sit her, kjenner eg tankane mine varsamt sveve over til det fantastiske sitatet av John Lennon:
«When I was 5 years old, my mother always told me that happiness was the
key to life. When I went to school, they asked me what I wanted to be when I
grew up. I wrote down ‘happy’. They told me I didn’t understand the assignment,
and I told them they didn’t understand life.”
Om du har opphav i eit asiatisk samfunn (eigentleg generelt dagens samfunn, uavhengig av bakgrunn), vil du vere ein av mange som vil kjenne deg att i dette. Rom for å kjenne på indre konfliktar, blir putta hengsle på. Romet vil
då gje vindauge til opparbeiding mot suksess og gode CV, framfor eit tilfredsstillande liv. Det å føle seg nedstemt, føle seg i konflikt med sin eigen identitet, føle seg ditt og datt….kjem ikkje på tale om. Vi har ein kultur prega av
eit sterkt syn på korleis ein tenkjer livet skal vere. Så ein held seg godt fast til desse rammene, og lukkar døra for
alt som er uforståeleg.
Eg er heldig som er født og oppvakse i ein lært heim, som har vist openheit og støtta meg i val eg har teke opp gjennom åra mine (bl.a psykiatri). Ja, og eg som tamil, håper eg ein dag kan vere med å endre nettopp det stigmaet
vi har for mental helse. Vere med å belyse naudsyntheita med dette faget for grunnleggjande god livskvalitet. At eg ein dag kan fungere som ein kunnskapsformidlar for folket mitt i mine foreldre sitt heimland…Å bryte gjennom denne snøen sin fasade…